Kongleriket 23.9.18 – DUGNADSLISTE
17. september 2018
Treningstider Årdalshallen høsten 2023
22. oktober 2018
Vis alt

Ny siger til damelaget!

Ei strålande opphenting i 2. omgang gav til slutt siger for damelaget til Jotun, sluttresultatet vart 4-3 etter at Elin Bjørkum skåra vinnarmålet 3 minuttar før full tid.

Fyrsteomgangen starta dårleg, Sandane gjekk opp i leiing etter at toppskårar i divisjonen Marit Mardal kom åleine gjennom og skåra. Elin Bjørkum sette inn utlikninga til 1-1 etter 24 minuttar av kampen, ho skåra frå skrått hald etter å ha runda målvakta. Sandane svara med 2 kjappe mål mot slutten av omgangen, og resultatet til pause var 1-3.

Eit offensivt Jotunlag gav ikkje opp, og etter at Malin Solem sette inn ein kårner var det framleis håp om poeng. 11 minuttar før slutt kom utlikninga, Kjersti Hestetun sette ballen kontant i mål etter flott spel. Like før slutt avgjorde Elin Bjørkum, og 3 velfortente poeng vart igjen i Årdal.

Laget ligg no på 6. plass når 2 kampar gjenstår.

Jotun – Sandane Damer 3. Div:
Res.: 4-3 (pause 1-3)
4 Marit Mardal -Sandane
24 Elin Bjørkum – Jotun
33 Elin Varpe-Sandane
39 Marit Mardal-Sandane
60 Malin Solem -Jotun
79 Kjersti Hestetun-Jotun
87 Elin Bjørkum-Jotun