Futsal i Årdalshallen 16.12.18
11. desember 2018
Ruth er «Årets Årdøl»
21. desember 2018
Vis alt

Norske og skandinaviske meistrar!

Det vart ei fantastisk avslutning på 2018-sesongen for årdølene Sivert Heggheim Mannsverk (16) og Eirik Lereng (17) og lærdølen Tobias Stølsvik Klepp (18) (lenker til Fotball.no).

Dei spelar for Sogndal sitt G19-lag og under cupfinalehelga 30.november-2. desember vart dei Noregsmeistrar etter å ha slått Rosenborg 3-1 (etter ekstraomganger. 1-1 etter full tid) i Telenor Arena (lenke til Sogndal Fotball).

Ei dryg veke seinare vart det ein ny finale. I Skandinavisk Meisterskap vant Sogndal si gruppe og fekk møte AGF Århus i finalen i Prioritet Serneke Arena i Gøteborg.

Kampen endte 1-0 til Sogndal (lenke til Sogndal Fotball), og dermed kunne laget med dei tre tidlegare Jotun-, ÅTIL- og ÅFK (Eirik)-spelarane  juble for sitt andre trofé på åtte dagar.

ME GRATULERAR!

(Foto: Privat. F.v. Tobias Stølvsik Klepp, Sivert Heggheim Mannsverk, Eirik Lereng)