Snart årsmøtetid !
31. januar 2019
«Heilt vilt»
11. februar 2019
Vis alt

Vandring i Jotun-soga, sett med ein sogndøl sine auge.

Idrottslaget Jotun stifta i 1923, nærmar seg 100 år. Det er litt av ein alder for eit lag som i 2018 omset for 4,4 mill kun basert på frivillig innsats. Det i seg sjølv fortener ein stor applaus. Vår gode Jotun-venn Jon Navarsete vil koma til Årdal og ta oss gjennom Jotunhistorien slik ikkje så mange andre kan gjera etter han.  Jon er eit «oppkome» av historiar og kunnskap om Jotun. I årevis har me kunne lesa retro innlegg i Sogn Avis. Historiar  som Jon har løfta oppatt i dagen. Historiar som for mange var gløymde for lenge sidan. Me ynskjer i dette høvet til å invitere til ope hus, der alle dei som kan krypa og gå kan bli med på ein mimrekveld. Komiteen som skal hjelpe rundt jubileumsboka vil også vera til stades.  Me har peika oss ut siste veka i mars eller fyrset veka i april. Nøyaktig dato vert publisert om ikkje lenge.
Me veit det finst mange historiar der ute og me veit det er mange som kan attfortelje dei både med latter og tårer. Alt egnar seg nok ikkje på trykk 🙂 men eg er sikker på at det er nok til å fylle mange sider med lesning.
Med dette inviterar me til ope hus –  når det nærmar seg vil me kontakte mange av dykk der ute då me veit at nettopp DU kan bidra ! Me kjem til å ha litt og bita i, så dersom du alt no veit du vil delta gir du ein beskjed til mail : sekretar@iljotun.no eller sms til 99 51 91 80

Me gler oss !