Vandring i Jotun-soga, sett med ein sogndøl sine auge.
9. februar 2019
Ny logo på ein av Jotun sine sponsorar.
21. februar 2019
Vis alt

«Heilt vilt»

Ja det seier dei to trenarane Aina Heggø og Sofie Moen som no har vore med å skriva historie i IL Jotun.  Underteikna fekk siste meldinga i dag tidleg. Og dei har ikkje landa heilt enno. » Tenk da, tenk da… at me er blant dei 15 beste troppane i landet » Det har verkeleg ikkje gått opp for oss enda, seier dei vidare.  Som me har sett vorte skrive i media og facebook vart det ein lang dag i spenning for laget.  Jotuntroppen hadde sin gjennomgang laurdag morgon og fekk ikkje vita at dei var vidare før seint på ettermiddag.  Men da kunne dei endeleg  sleppa jubelen laus.   Det var ein storm av gratulasjonar på sosiale media, sms’ar og snappar. Me som var att heime sat og nistirra på «liveresultat» heile dagen.  Heldigvis hadde me ei av mødrene til stades på konkurransen, Rigmor Skrede som kunne oppdatere oss innimellom.  Øvingane deira vart også filma direkte på Jotun Turn si facebookside.
I alle uttalar har dei to trenarane vore rause med skryt til utøvarane sine og kor hardt jentene har jobba for dette. Men rett skal vera rett.  Dei nemner ikkje med eit ord kor hardt dei sjølve  jobbar og stiller opp for å få dette til. Dei er ikkje berre ansvarlege for denne troppen i Jotun turn, dei har og mange økter i veka med breiddepartia våre.
IL Jotun har ei «håndfull» trenarar som ikkje trenar eigne ungar.  Desse to er blant dei.  Idrettslaget har plass til mange fleire av same sorten. På vegne av heile Jotun vil me rette ei stor takk til heile gjengen som med dette har vist at det går an også i ei lita bygd. Spesielt er alle i turngruppa veldig stolte !
Heile gjengen har no 5 veker med trening og pirking på moment, for å få alt til å sitja 100% til NM går av stabelen i Drammenshallen 23-24 mars.
Me ynskjer lukke til !