Ny logo på ein av Jotun sine sponsorar.
21. februar 2019
Årsmøte 2018
7. mars 2019
Vis alt

Dette skjer i turngruppa framover…

Siste finpuss før KM neste helg.

Det er stor aktivitet i turngruppa om dagen, og planane for våren er klare!
I januar starta også eit nytt kull opp med turntreningar, jenter 2009/2010. Desse jentene er superivrige på trening, og viser stor interesse for alt det nye dei er blitt introdusert for. Det blir spennande å følge dei vidare 🙂

Her kjem litt info om det som skjer i turngruppa i tida framover:

KM på Årdalstangen
Allerede neste helg, 9.-10. mars, går kretsmesterskapet i troppsgymnastikk av stabelen. I år er det ÅTIL som er arrangør. Lørdag 9. mars skal rekruttane (11-13 år) i ilden, medan søndagen er satt av til junior og seniorutøvarane (13 år – senior) Jotun deltek med heile 13 troppar. Me håpar mange tek turen for å heie fram dei flinke turnarane våre, og sjå mykje flott turn i Tangenhallen.

Junior-NM i Drammen
I februar var dei eldste juniorjentene avgårde til Stavern for å delta på kvalifisering til NM. Der klarte dei bragden å kvalifisera seg til norgesmesterskapet, der over 60 troppar deltok og kun 15 troppar gikk vidare.  Dette var ein utrulig opplevelse, og det neste for jentene blir dermed NM i Drammen 23.-24. mars.

Våroppvisning i Årdalshallen
30. mars inviterar me til oppvisning i Årdalshallen, der alle troppane fra Jotun deltek, og vil visa kva dei har lært. Troppane som skal på turnstevne vil visa programma dei har øvd inn til stevnet. Håpar mange tek turen og fyller tribunene i Årdalshallen 🙂

Barneturnstevne i Måløy
6.-7. april er det BTS i Måløy. Her reiser me avgårde med 27 utøvarar. Det blir 2 dagar til ende med oppvisningar, og på kvelden blir det felles middag og disko som alltid er morro 🙂

 

Siste finpuss før KM neste helg.