Utdeling av æresteikn under årsmøtet IL Jotun 13.03.2019
17. mars 2019
Fv. Marius Kleiven Øy, Hermann Vigdal Øren og Theo Kopperdal (Foto: Privat)
Sjå, ein dommartrio!
9. april 2019
Vis alt

Sterk innsats i G14 Nasjonalt Tiltak

F.v Isak Hove, Lidvin Hestetun, Sander Hestetun Kilen, Aleksander Nundal og Kevin Lægreid. Foto: Privat

F.v Isak Hove, Lidvin Hestetun, Sander Hestetun Kilen, Aleksander Nundal og Kevin Lægreid. Foto: Privat

Heile fem Jotungutar (bilete) spelte i helga 5.-7. april for Team Sogndal (Kretslag for Sogn og Fjordane, G14) under eit såkalla Nasjonalt Tiltak i LSK-hallen på Lillestrøm.

Der fekk dei bryne seg mot lag frå heile landet, frå Bodø til Sandnes og gjorde særs god figur med 4.plass i turneringa der Brann vann.

Sogndal vart ståande med tre sigrar (1-0 mot Jerv, 3-0 mot Sandnes/Ulf og 1-0 mot Vålerenga) og eitt tap (1-4 mot Lillestrøm). Sander Hestetun Kilen (2) og Lidvin Hestetun (1) bidrog og i målprotokollen.

Dei fem som representerte Jotun var:

  • Isak Hove
  • Kevin Lægreid
  • Aleksander Nundal
  • Lidvin Hestetun
  • Sander Hestetun Kilen