Kåseri med Jon Navarsete
27. april 2019
Marte Vigdal Rudi
Historiske Marte!
8. mai 2019
Vis alt

Rekordpåmelding til klubbdomarkurs !

Søndag 28 april arrangerte IL Jotun klubbdomarkurs. Inge Seglem som er leiar i dommarkomiteen i Fotballkretsen held kurset. Me hadde ei pulje med gutar frå 15-17 og ei pulje med jenter (+ 1 gut som spelte kamp under fyrste pulje) frå 17-19.
Me er heldige som har kurshaldarar i bygda, som held kurs, veiledar og har oppfølging. Tusen takk for framifrå utført kurs av Inge Seglem. Ungane -/ungdomane sat som tente lys og det var god dialog med kurshaldar. Godt jobba alle saman ! I alt var det 14 jenter og 13 gutar på kurs.

No er det viktig at me vaksne som står rundt bana, hugsar på at det er mange nyutdanna dommarar på feltet. Dei treng mykje trening og oppfølging, Og dei treng masse skryt for at dei skal tykkje dette er moro.
Me i Jotun har som mål å satse på dommarar. Det er budsjettert med litt ekstra midlar slik at me i ungdomsfotballen lagar dommartrioar. Noko som har fungert veldig bra etter oppstart i vår. Kanskje vil nokon ta steget ut frå bygda og prøve seg på dømming andre plassar.
Og Inge Seglem vil fylja opp den som har lyst.
Så folkens – ta kontakt om de vil prøva dykk på meir dømming. Kretsen treng dommarar.

Takk alle for ein flott kursdag i klubbhuset !