Rekordpåmelding til klubbdomarkurs !
28. april 2019
Jenter 2007
Jenter 2007, siste heimekamp i vårsesongen – ein forrykande avslutning !
16. mai 2019
Vis alt

Historiske Marte!

Marte Vigdal Rudi

Marte Vigdal Rudi (13) etter sin fyrste kamp som dommar (Foto: Ruth Laberg)

Vi hadde heile 27 dommarar på kurs tidlegare i vår, og no er dei så vidt i gang med dommargjerningen.

Marte Vigdal Rudi (13, biletet) vart smått historisk då ho vart ei av dei aller fyrste (offisielt utdanna) jentedommarane i Jotun i aksjon.

Etter rapportane å dømme klarde ho seg godt og syntes sjøl det var ei kjekk oppleving.

Jotun har no so mange utdanna dommarar at utfordringa ligg i å gje alle nok kampar. Eit luksusproblem!

Ta vel i mot Marte og alle dei andre flotte, unge dommarane våre! Ingen dommar, ingen kamp.