Marte Vigdal Rudi
Historiske Marte!
8. mai 2019
Friidrettstemne på Jotun stadion onsdag 05.juni kl.17.30.
23. mai 2019
Vis alt

Jenter 2007, siste heimekamp i vårsesongen – ein forrykande avslutning !

Jenter 2007

Siger 5-0 over Sogndal !!
Jenter 2007 hadde sin siste heimekamp i vårsesongen på Jotun sitt krøllgras i ettermiddag. For dette laget er det fyrste sesong med 9ar fotball. Desverre er det ikkje alle laga i serien som spelar 9ar og tre av kampane har vorte spelt som 7ar kampar. Det er 16 jenter i 2007 kullet og 13 av dei er med og spele fotball. Det betyr at det sit 6 jenter på innbytebenken når kampen vert spelt som 7ar om alle jentene er friske og tilstades.
Dei har tolt mykje tap desse jentene. Ser ein to år tilbake i tid var tapa ofte med tosifra resultat. Trenarane saman med spelarane har likevel vore sikre i si tru. Det å gje tilnærma lik speletid og spela kvarandre gode viser seg å vera svært så vellukka. Det spelarane viste oss på stadion i dag var rett og slett moro å sjå. Absolutt alle 13 gjorde ein fantastisk kamp. Ein etter ein melder seg på og jobbar knallhard for fellesskapet og laget. Dette fekk dei betalt for med 5 flotte scoringar.
Hannah 3, Leah 1 og Katarina 1.
Godt jobba til trenarane og alle jentene ! Ein flott ettermiddag på kunstgraset, strålande sol og god bakst i kiosken .
Ha ein god 17 mai alle!!