5. februar 2016

Klart for KM-kvalifisering Futsal!

Då er alt klart til årets KM-kvalifisering i Årdalhallen. Heile 84 kampar skal avviklast i løpet av helga, spelarane er gutar og jenter frå 13-16 år. Det er sjølvsagt best å sjå kampane i hallen, men for dei som ikkje har anledning so har alle kampane direkte resultatoppdatering på nett. […]
8. september 2015

Velkommen til seniorgruppa

Seniorgruppa er dugnadsgeneralane i IL Jotun. Dei stiller opp dersom det er behov for hjelp, mellom anna så har dei pussa opp klubbhuset til IL Jotun, bytta dekke i Bingen og sytt for at Olsenbana vart realisert saman med FAU ved Farnes skule. Seniorgruppa har og styreplass i IL Jotun […]
17. juli 2015

Har du en fotball, så har du alt!

Det er Ivar Hoff som uttala dette for nokre år sidan. For andre er fotball enkel matematikk. Resultatet fortel heile historia. Resultatet definerer om ein vann, tapte eller spela uavgjort. Om dette var rett, så hadde rekrutteringa til den største idretten i verda vore dårleg. Alle kan ikkje vinna, nokon må […]
29. mai 2015

Solid bortesiger

Samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 tok i dag turen til Hillvang der Askvoll/Holmedal var motstandar. AHIL har spela kun 2 kampar i år, det har enda med ein siger og ein uavgjort. Det var bortelaget som starta best i dag, og etter omlag 15 minuttar sytte Kenneth Aspeseter Hagen for 0-1.  Jotun/ÅTIL/Årdal 2 […]
24. mai 2015

Endeleg siger

Etter 3 sure tap tok endeleg samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 sin fyrste 3-poengar i dag. Motstandar var Hyllestad/Dale 2, og etter 90 minuttar stod det 2-0 på lystavla. Heimelaget starta kampen klart best, og Hyllestad/Dale 2 var knapt over midten det fyrste kvarteret. Sjølv om dominansen var stor, så sleit heimelaget […]
21. mai 2015

FLOTT FAIR PLAY KAMP PÅ HAFSLO!

Frå heimesida til SFFK Årets første Fair Play kamp gikk mellom Hafslo 1-Jotun i J 11-klassa, mandag 18.mai Flotte rammer og flott ver møtte våre representantar på Hafslo stadion til kampen. Synlege kampvertar var tilstades og tok imot gjestane og ønskte velkommen. Før kampen vart det tid til ein prat med spelarar,trenarar […]
8. mai 2015

Sterk bortesiger til Jotun/ÅTIL!

Jotun/ÅTIL sitt damelag tok i dag turen til Jølster for å spela sin andre seriekamp for sesongen. I regn- og sluddbyger tok det unge laget tak i kampen, og trilla ball rundt frustrerte Jølsterdamer dei fyrste minuttane. Alt etter 5 minuttar kom det fyrste målet. Eit oppspel frå Ine Myrland […]
27. april 2015

Informasjonsmøte

IL Jotun inviterer til informasjonsmøte for trenarar, oppmenn og andre tillitsvalgte i Jotun fotball onsdag 20:00 angåande medieoppslag den siste tida. Møtet vert halde i klubbhuset. Agenda: 1. Informasjon frå hovudstyret ved leiar Tor Erik Sveen 2. Informasjon frå fotballgruppa ved leiar Henrik Rønningen 3. Spørsmål og diskusjon Vel møtt!