7. mars 2019

Årsmøte 2018

IL Jotun kallar inn til Årsmøte i laget onsdag 13. mars 2019 kl 18:00 i klubbhuset. Velkomne til årsmøtet! Sakliste: Godkjenning av innkalling Konstituering – val av møteleiar – val av skrivar – val av 2 medlemar til å skrive under protokollen Idrettsåret 2018 – Årsmelding – Rekneskap – Revisjonsmelding […]
12. mars 2019

Lidvin Hestetun, utteken til talentsamling

Det melder Sogn og Fjjordane fotballkrets på sine sider. Det har vorte gjort uttak til Equinor Talentleir for gutar fødde i 2004 og 2005, der LIdvin er ein av to utøvarar som er uttekne frå 2005 kullet. IL Jotun sender Lidvin gratulasjon og masse lukke til på samlinga.
17. mars 2019

Utdeling av æresteikn under årsmøtet IL Jotun 13.03.2019

Årsmøtet i IL Jotun for 2018, vart halde i klubbhuset 13.03.2019. Det var 31 oppmøtte på møtet.  I tillegg til ordinære årsmøtesaker vart det og utdeling av æresteikn, I år fekk æresteiknkomiteen inn mange forslag. Det er positivt at gruppene fremjar utøvarar, trenarar, eldsjeler innanfor gruppene sine som fortener ekstra […]
8. april 2019
F.v Isak Hove, Lidvin Hestetun, Sander Hestetun Kilen, Aleksander Nundal og Kevin Lægreid. Foto: Privat

Sterk innsats i G14 Nasjonalt Tiltak

Heile fem Jotungutar (bilete) spelte i helga 5.-7. april for Team Sogndal (Kretslag for Sogn og Fjordane, G14) under eit såkalla Nasjonalt Tiltak i LSK-hallen på Lillestrøm. Der fekk dei bryne seg mot lag frå heile landet, frå Bodø til Sandnes og gjorde særs god figur med 4.plass i turneringa […]
9. april 2019
Fv. Marius Kleiven Øy, Hermann Vigdal Øren og Theo Kopperdal (Foto: Privat)

Sjå, ein dommartrio!

I går, mandag 8. april, kom og dommarsesongen i gong med fyrste heimekamp for året, ein 9-ar kamp mellom Jotun G13/14 9 og Balestrand. Jotun ynskjer fleire dommarar og for å gje dei flest mogleg kampar, fleire utfordringar, tryggare rammer og ein auka lagkjensle prøver me i år å stille […]
27. april 2019

Kåseri med Jon Navarsete

Onsdag kveld vart klubbhuset fylt opp med folk i alle aldrar for å høyre på Jon Navarsete sitt kåseri om IL Jotun. Han starta kvelden med å fortelje om den gangen (2003) han var med Fjøra fotball inn og ville sjå kampen deira på Jotun stadion. Etter kampen ville han […]
28. april 2019

Rekordpåmelding til klubbdomarkurs !

Søndag 28 april arrangerte IL Jotun klubbdomarkurs. Inge Seglem som er leiar i dommarkomiteen i Fotballkretsen held kurset. Me hadde ei pulje med gutar frå 15-17 og ei pulje med jenter (+ 1 gut som spelte kamp under fyrste pulje) frå 17-19. Me er heldige som har kurshaldarar i bygda, […]
8. mai 2019
Marte Vigdal Rudi

Historiske Marte!

Vi hadde heile 27 dommarar på kurs tidlegare i vår, og no er dei så vidt i gang med dommargjerningen. Marte Vigdal Rudi (13, biletet) vart smått historisk då ho vart ei av dei aller fyrste (offisielt utdanna) jentedommarane i Jotun i aksjon. Etter rapportane å dømme klarde ho seg […]