31. januar 2013

Velkomen til KM aldersbestemt!

Alt er no klart for fylkets største idrettsarrangement, Sparebanken Sogn og Fjordane KM Innandørs for alderbestemte klassar, G/J 13-19 år. I Årdalshallen vert det kampar både fredag, laurdag og søndag. Totalt 75 kampar skal avviklast, og 35 lag skal kjempe om plass i finalespelet som vert avvikla i Måløy. Det vert […]
1. februar 2013

Jotun 1 vidare til sluttspelet

KM vart sparka i gang med gutar 13 i kveld. Aurland måtte diverre trekke laget grunna sjukdom, slik at det kun vart 4 lag i pulja. Jotun 1 var suverene, og med seg til sluttspelet fekk dei ÅTIL. I morgon er det Jenter 13 og 14, samt Gutar 14 som […]
2. februar 2013

Ny siger til Jotun

Jotun J13 var suverene i kvalifiseringa, dei vann alle kampane utan å sleppe inn mål. 14-0 i målprotokollen seier det meste.
2. februar 2013

Dag 1 av KM avslutta

Fyrste KM-dagen er no avslutta, og nye pokalar er delt ut. I J14 var det Bjørn 1 som gjekk til topps, med Jotun hakk i hæl. ÅTIL stakk av med pokalen i G14, også her var Jotun ein god nummer 2. Følgjande lag har gått vidare til sluttspel: G13 – […]
3. februar 2013

KM avslutta med 2 nye vinnarar

I dag var det Gutar og Jenter 15/16 år som skulle i elden. Guteklassen var delt opp i 2 puljer, dei 2 beste i kvar pulje gjekk til finalespel. Til slutt var det ÅTIL som gjekk av med sigeren etter finalesiger mot Sogndal. Jotun kapra 3. plassen etter å ha […]
8. februar 2013

Vinterserien jenter junior denne helga

Denne helga skal vinterserien for jenter junior spelast på Jotun stadion krøllgras. Jotun/ÅTIL/Lærdal stiller eit samarbeidslag, og skal møte Førde, Florø og Stryn i kampen om KM tittelen. Her er kampane (Jotun=samarbeidslag): Kl. 11.00 Førde-Jotun Kl. 12.00 Florø-Stryn Kl. 13.00 Jotun-Florø Kl. 14.00 Stryn-Jotun Kl. 15.00 Stryn-Førde Kl. 16.00 Førde-Florø […]
9. februar 2013

Førde vinnar av Vinterserien junior jenter

Førde gjekk ubesigra gjennom Vinterserieturneringa i dag, og stakk med det av med KM-tittelen i klassen. Med 9-0 i målskilnad kunne dei heve pokalen etter at Florø var besigra i den siste kampen. Kampane vart avvikla i sterk kulde, noko som sjølvsagt og prega spelarane. Samarbeidslaget mellom Jotun/ÅTIL/Lærdal gjorde og […]
11. februar 2013

Årsmøte Jotun fotball

Jotun fotball held årsmøte torsdag 14. februar 18:00 i Jotunhuset. Sakliste: 1. Konstituering (Godkjenning av innkalling m.m.) 2. Årsoppgjer 2012 Årsmelding Rekneskap Revisjonsmelding 3. Budsjett 2013 4. Inkomne saker 5. Val Fullstendig innkalling ligg her