12. desember 2018

Norske og skandinaviske meistrar!

Det vart ei fantastisk avslutning på 2018-sesongen for årdølene Sivert Heggheim Mannsverk (16) og Eirik Lereng (17) og lærdølen Tobias Stølsvik Klepp (18) (lenker til Fotball.no). Dei spelar for Sogndal sitt G19-lag og under cupfinalehelga 30.november-2. desember vart dei Noregsmeistrar etter å ha slått Rosenborg 3-1 (etter ekstraomganger. 1-1 etter full tid) i Telenor […]
11. januar 2019

Futsalturnering i Årdalshallen 13. januar

Søndag 13 januar er det klart for futsal turnering for aldersgruppa 10-14 år. Møt opp i Årdalshallen og sjå spennande oppgjer på parketten. IL Jotun er arrangør og det vert salg av kaffi, saft og mykje godt å bita i. Turneringa startar kl 10.00 og held på heile dagen fram […]
21. januar 2019

Årdøler på landslaget!

Sivert Mannsverk, Sogndal (t.h. i ingressbiletet), som hadde suksess i haust (les meir her), vart i forrige veke teken ut til landslagssamling på La Manga for G17 i februar. Denne veka vart det og kjend at Leander Øy, Jotun (t.v. i biletet), er teken ut på skuggelandslaget for G16 (Equinor […]
12. mars 2019

Lidvin Hestetun, utteken til talentsamling

Det melder Sogn og Fjjordane fotballkrets på sine sider. Det har vorte gjort uttak til Equinor Talentleir for gutar fødde i 2004 og 2005, der LIdvin er ein av to utøvarar som er uttekne frå 2005 kullet. IL Jotun sender Lidvin gratulasjon og masse lukke til på samlinga.
8. april 2019
F.v Isak Hove, Lidvin Hestetun, Sander Hestetun Kilen, Aleksander Nundal og Kevin Lægreid. Foto: Privat

Sterk innsats i G14 Nasjonalt Tiltak

Heile fem Jotungutar (bilete) spelte i helga 5.-7. april for Team Sogndal (Kretslag for Sogn og Fjordane, G14) under eit såkalla Nasjonalt Tiltak i LSK-hallen på Lillestrøm. Der fekk dei bryne seg mot lag frå heile landet, frå Bodø til Sandnes og gjorde særs god figur med 4.plass i turneringa […]
9. april 2019
Fv. Marius Kleiven Øy, Hermann Vigdal Øren og Theo Kopperdal (Foto: Privat)

Sjå, ein dommartrio!

I går, mandag 8. april, kom og dommarsesongen i gong med fyrste heimekamp for året, ein 9-ar kamp mellom Jotun G13/14 9 og Balestrand. Jotun ynskjer fleire dommarar og for å gje dei flest mogleg kampar, fleire utfordringar, tryggare rammer og ein auka lagkjensle prøver me i år å stille […]
28. april 2019

Rekordpåmelding til klubbdomarkurs !

Søndag 28 april arrangerte IL Jotun klubbdomarkurs. Inge Seglem som er leiar i dommarkomiteen i Fotballkretsen held kurset. Me hadde ei pulje med gutar frå 15-17 og ei pulje med jenter (+ 1 gut som spelte kamp under fyrste pulje) frå 17-19. Me er heldige som har kurshaldarar i bygda, […]
8. mai 2019
Marte Vigdal Rudi

Historiske Marte!

Vi hadde heile 27 dommarar på kurs tidlegare i vår, og no er dei så vidt i gang med dommargjerningen. Marte Vigdal Rudi (13, biletet) vart smått historisk då ho vart ei av dei aller fyrste (offisielt utdanna) jentedommarane i Jotun i aksjon. Etter rapportane å dømme klarde ho seg […]