30. april 2013

Poengdeling i serieopninga

Jotun sitt lag i 6. divisjon serieopna heime mot Balestrand 2 i kveld. Kampen enda 1-1 etter full tid, pauseresultatet var 0-0. Jotun dominerte kampen heilt til Bartek Cal fekk sitt 2. gule kort og måtte forlata bana. Målskårar for Jotun var spelande trenar Johann Traustason. Det var Jotun som […]
14. mai 2013

Ny siger og tabelltopp

6. divisjonslaget vann med solide 4-1 mot Sogndal 4 på Jotun stadion i kveld. Dei grøne og raude hadde full kontroll på kampen, og sigeren burde vore større. Jotun tok leiinga ved Kim Hjønnevåg, før Sogndal utlikna på eit vådeskot. Like før pause gjekk Jotun på ny i leiing, denne […]
21. mai 2013

Ny storsiger i 6. divisjon!

Jotun hadde full kontroll frå start til mål i kampen mot Hafslo på kunstgraset i kveld. Ein suveren fyrsteomgang resulterte i 3 flotte mål. I 2. omgang la kaptein Kevin Øy på til 4-0, noko som og vart sluttresultatet. Fyrste 10 minuttane av kampen var Hafslo nokonlunde med på notane, […]
27. mai 2013

Endeleg poeng for damelaget

I den tredje kampen i 3. divisjon plukka endeleg damelaget med seg poeng. Bortekampen mot Florø enda 1-1, resultatet til pause var 0-0. Jenny Hovland sette inn målet for Jotun/ÅTIL på straffe etter at Susanne Myrland vart lagt i bakken etter ein fin forsering på venstresida. Fyrste omgang opna noko […]
28. mai 2013

Uavgjort mot Vik/Syril 2

Med redusert mannskap gjekk turen i kveld til Leikanger og bortekamp mot samarbeidslaget Vik/Syril 2. Fleire forfall like før avreise gjorde at kun 12 spelarar vart med. Desse 12 gjorde ein fantastisk kamp og klarde å berge i land uavgjort. Keeper Espen Røneid spela mellom anna midtstoppar heile kampen! Valsvik […]
4. juni 2013

Sterk bortesiger mot Balestrand

Det opna ikkje spesielt bra på Kreklingen. Alt etter 2 minuttar var Balestrand i føringa mot eit purungt Jotunlag, som i dag måtte klare seg utan veteranane. Målet prega resten av omgangen, Balestrand var det førande laget og dei raude og grøne nytta tida til å sjå på. Etter ein […]
11. juni 2013

Poengtap etter sjansesløsing

6. divisjonslaget til Jotun er framleis ubesigra etter 3-3 mot Jølster 2 i kveld. Heimelaget låg under 0-2 etter fyrste omgang, men kom tilbake og leia 3-2 heilt til siste speleminutt. Då utlikna Jølster på eit frispark. Fyrste omgang var rett og slett tafatt frå heimelaget. Spelarane trilla ball mellom […]
19. juni 2013

Siger i siste kampen før ferien

Sogndal 4 var motstandar for serieleiar Jotun i siste kampen før sommarferien, kampen gjekk i Sogndal. Me siger var laget sikra tabelltopp, og dei unge Jotungutane skuffa ikkje. Etter 90 minuttar viste tavla 1-4 mot eit sterkt Sogndalslag. Fyrste omgang var Sogndal sin, dei hadde det meste av spelet, men […]