22. februar 2018

Seniortreff IL Jotun

Siste torsdag kvar månad har seniorgruppa til IL Jotun treff i klubbhuset. Og sjekk den flotte gjengen da !! Desse har utallige timar som aktive, trenarar, leiarar og no som frivillige i gruppa. I dag var dei samla for å få litt info om nye prosjekt framover.  Eit av prosjekta er […]
28. februar 2018

Årsmøte i IL Jotun for 2017, onsdag 7 mars kl 19.00

IL Jotun kallar inn til Årsmøte i laget onsdag 7. mars 2018 kl 19:00 i klubbhuset. I tillegg til dei vanlege årsmøtepunkta vert og innkomne saker handsama på årsmøtet. Inkomne saker ligg under punkt 5.1, desse er og vedlag i denne innkallinga. Velkomne til årsmøtet! Sakliste: Godkjenning av innkalling Konstituering – val […]
10. mars 2018

Årsmøte IL Jotun, utmerkingar.

Årsmøte i Jotun vart halde i Klubbhuset sist onsdag (07.03.18). Tradisjon tru vart også i år delt ut utmerkingar. Gunnar Christian Huse vart tildelt æresteikn og Ruth Laberg vart tildelt eldsjelprisen. Grunngjevinga vert lagt inn under bildet av dei to.  Det var to svært stolte representantar for IL Jotun som […]
26. mars 2018

Minneord Arne Eldegard

Eg vil med desse ord på vegne av idrettslaget Jotun takka Arne for innsatsen gjennom eit langt idrettsliv. Arne har vore ein engasjert og aktiv støttespelar for idrettslaget gjennom ein mannsalder. Han har teke på seg mange oppgåver i idrettslaget og vore ein viktig bidragsytar i drifta og utviklinga av […]
7. september 2018

Jotun 95 år !

Til alle medlemar i IL Jotun. Me håpar å sjå dykk til festleg lag ! Me skal kosa oss med god mat, dans og ein aldri så liten quiz om smått og stort i Jotun si historie 🙂 Morten Brandsdal skal halde styr på oss i løpet av kvelden. Vel […]
23. desember 2018

Julehelsing frå IL Jotun 2018

Basert på oversikt over treningstider både ute og inne, har me rekna oss fram til at det totalt i Jotun vert drive dugnad på treningstimar, møteverksemd, reiser og planlegging på bortimot 20.000 timar pr år ( heile 10 årsverk). Inkludert alt arbeid som vert lagt ned av oppmenn-/kvinner, foreldredugnader og […]
30. desember 2018

Nyttårshelsing frå IL Jotun 2018.

Me er inne i årets siste dagar.  Og det er ei gleda å kunne gje ei lita oppsummering frå IL Jotun. Dette året har me feira 95 år med stolt historie og me startar nedteljinga mot 100 år. Aktivitet i gruppene: Talet på ungar har gått ned i bygda. Men det […]
9. februar 2019

Vandring i Jotun-soga, sett med ein sogndøl sine auge.

Idrottslaget Jotun stifta i 1923, nærmar seg 100 år. Det er litt av ein alder for eit lag som i 2018 omset for 4,4 mill kun basert på frivillig innsats. Det i seg sjølv fortener ein stor applaus. Vår gode Jotun-venn Jon Navarsete vil koma til Årdal og ta oss […]