ardalenergi
ardalsnett
issb
hummel61x60
22. juni 2018
Målrock 2017

Dugnadsliste Målrock 2018 (OPPDATERT 27.7. !)

OPPDATERT 27.7.!  Årets Målrock vert gjennomført fredag 3. – lørdag 4. august. I Jotun er det fotballgruppa som står for dugnadsinnsatsen og får inntekter frå denne. Dugnadsinnsatsen vert lagt ned frå onsdag til søndag. Dette er ein av dei viktigaste inntektskjeldene til gruppa og det er viktig at alle som […]
9. juni 2018

Resultat Vårstemne i friidrett 29.mai 2018

Resultat Vårstemne 2018 3.-5. kl Resultat Vårstemne 6. kl og eldre, høgde og 600m
5. juni 2018

Førdesprinten 2018

Helga 2-3 juni vart den tradisjonelle Førdesprinten  i symjing arrangert i Førdehuset. 250 symjar frå store deler av landet hadde møtt fram. IL Jotun hadde denne gangen ei lita gruppe med, men dei var jammen med til gangs. Til venstre ser me deltakarane på IL Jotun sin mix lag i […]
1. juni 2018

Leander Øy (15) er utteken til Equinor talentleir

Leander Øy (15) er utteken til Equinor talentleir, på det sokalla Skuggelandslaget, for G15! «Talentleiren er en viktig arena med tanke på spissing og finsikting inn mot landslag, men først og fremst skal det være en inspirasjonsarena», heiter det mellom anna i innkallinga frå fagansvarleg for landslagsskulen Håkon Grøttland Ein […]
26. mai 2018

Vårstemne 29.mai 2018

Jotun Friidrett arrangerar friidrettstemne tysdag 29.mai 2018 på Jotun Stadion. Kl.18.00. Påmelding frå kl.17.30. Påmelding kr 50. Vårstemne i friidrett 29.mai 2018
9. mai 2018

Grasrottrenaren ( den tidlegare c-lisens trenaren)

IL Jotun fotball ynskjer å ta ein runde til med dei 4 ulike modulane for Grasrottrenaren (den tidlegare C-lisens trenaren). Om du er ny og har nettopp byrja som trenar, eller du har lyst å friske opp att kunnskap er du hjarteleg velkomen til å melde deg på. Me set […]
5. mai 2018

Fyrste kongleriketurnering i Lærdal.

Søndag 6 mai 2018 vert den fyrste Kongleriketurneringa for sesongen  arrangert. Lærdal er arrangør og turneringa vert blesen i gang kl 11.00. Nokon av Jotungane går i gang med siste sesong på knøtt. Men ekstra spennande er det for dei som skal ha sin fyrste turnering.I  2012 kullet for Jotun stiller […]
4. mai 2018

Damelaget møter Høyang kl 19.00

Damelaget til Jotun møter i ettermiddag (fredag 04.05) Høyang til kamp på krøllgraset. Damene har so langt ein siger og eit tap. Dei håpar sjølvsagt på godt oppmøte på kampen i ettermiddag.  Kaffi og heimebakst er å få kjøpt i kiosken. Vel møtt til kamp kl 19.00 i kveld !!