5. april 2013

Tildelt treningstid på kunstgrasbana.

G2005 har no fått tildelt treningstid mandagar og onsdagar kl.16:00-17:30 på kunstgrasbana. Me kuttar difor ut laurdagstreningane. Vel Møtt!!!!
28. januar 2014

Knøttevideo av 2005 kullet, 2013

27. mars 2014

Tildelt treningstid på kunstgrasbana

G2005 har fått tildelt midlertidig treningstid onsdagar kl.16.00-17.30 krøllgras. Når Årdal FK senior begynner å trene på grasbana, startar me opp med treningar tysdagar og torsdagar kl.17.30-19.00. Kampdag er på mandagar.
5. april 2014

Laurdagstreninga vert flytta utandørs

Laurdagstreningane vert flytta ut på kunstgras. Treninga startar kl.11.00-12.30. Hugs leggskinn og ball!!! Vel møtt!!!
27. april 2014

Seriepremiere for G2005

  Mandag 28.april kl.18.00 brakar det laus på krøllgrasbana. G2005 møter Åtil i sin aller fyrste seriekamp, eit ekte «by-derby». Kiosken er åpen så det er ingen grunn til å sitte heime:-) Vel møtt!!!
5. september 2014

G2005 deltek på Bendit Cup

Jotun G2005 deltek på Bendit Cup i Sogndal den 25-26.oktober. Dette blir 3.året dei deltek. Nytt i år er at turneringa går over to dagar. Det blir spelt 17.min kampar og gutane er garantert 5 kampar. Helga blir avslutta med å sjå Sogndal spele mot Molde. Me gler oss:-)
18. august 2015

Haustsesongen er i gang

Da er haustsesongen i gang etter ein lang og kjøleg sommar. Onsdag 19.aug kl.17.45 brakar det laus på Jotun Stadion krøllgras. Både Jotun G11-1 og Jotun G11-2 spelar 7’ar kamp denne dagen. Jotungutane skal møte Syril G11 og Sogndal G11-2. Møt opp og støtt ungane i bygda. Det blir sal […]
31. mars 2016

Seriestart 21.april

Da er fotballsesongen igang igjen. Terminlistene ligg klare på Kretsen sine heimesider. Jotun G2005 har seriepremiere heime mot Lærdal 21.april kl.17.45. Gutane har trent gjennom heile vinteren og gledar seg til sesongstart. Det blir som vanleg sal av kaffi, kaker, brus og is. Møt opp og støtt bygdas framtid:-)