Strålande KM for turngruppa!
17. november 2015
Turngruppa med flott juleoppvisning
17. desember 2015
Vis alt

IL Jotun valde hummel!

IL Jotun har inngått ein 4-årig avtale med assistCo AS om leveranse av utstyr frå hummel til laget. Avtalen er gjeldande frå 1. januar 2016.

Avtalen omfattar utstyr til spelarar, trenarar, dommarar, leiarar og anna støtteapparat. Det er Sportshuset som vert den lokale parten i avtalen.

Det betyr at i løpet av 2016 så vert alle draktar, overtrekksdraktar og anna utstyr bytta ut. I tillegg vert det lagt til rette for medlemmer i klubben å handle utstyr frå hummel hjå Sportshuset til gunstige prisar.

I løpet av kort tid vert det publisert ein folder på heimesida som inneheld klubbkolleksjonen til IL Jotun. Det vert og laga spesielle kampanjar i forbindelse med oppstart av ulike lagidrettar, samt halde klubbkveldar for våre medlemmer.

Leiar i IL Jotun, Tor Erik Sveen, er svært nøgd med den nye avtalen. -Gjennom avtalen med assistCo og Sportshuset kan me no lage ein skikkeleg klubbkolleksjon, slik at me får profilert oss og våre hovudsponsorar på ein god måte. Avtalen sikrar og medlemmane våre gode produkt til ein gunstig pris gjennom vår lokale leverandør Sportshuset.

Jørgen Fjeldstad frå assistCo er og glad for den nye avtalen. -Vi er veldig glad for samarbeidet vi skal ha med IL Jotun. For oss representerer IL Jotun grunnsteinen i norsk idrett. Et idrettslag med bredt og variert tilbud, som er med på å sikre en sunn og aktiv oppvekst og som er en viktig og samlende organisasjon i nærmiljøet. I tillegg legger idrettslaget tilrette for aktivitet på alle nivåer, både bredde og topp samt ung og voksen. Det liker vi. Vi håper at dette er starten på et langt og spennende forhold!

hummel er ein dansk utstyrsleverandør som har drive på sidan 1923, det same året IL Jotun vart stifta. I tillegg til sportskolleksjonen, så leverer og hummel både mote- og barneklede.

hummel