Kvart år stemmer spelarane i Grundigligaen fram årets lag, og me er svært stolte av at den tidlegare Jotunspelaren Hege Bakken Wahlquist er stemt fram som «Årets venstre kantspiller» i denne kåringa. Hege har hatt ein svært god sesong, og havna til slutt på 9. plass på toppskårarlista i ligaen. På 22 kampar skåra ho 107 mål, noko som gjev eit snitt på 4,9 mål per kamp!
IL Jotun gratulerer Hege med utmerkinga, me veit kor mykje hardt arbeid som ligg bak dette!