Dugnadslister Målrock
23. juni 2016
Politiattest og Min Idrett
9. august 2016
Vis alt

Treningsavgift 2016

cropped-jotun512x512.jpg

Alle born og unge som deltek i aktivitet i regi av IL Jotun skal betale treningsavgift. I tillegg til å gje rett til å delta, så dekkar og treningsavgifta forsikringar dersom ein vert skada.

Etter mandat frå årsmøtet har hovudstyret i IL Jotun vedteke treningsavgifta for idrettslaget tom det året ein fyller 16 år.
For inneverande år vil det seie til og med 2000 årgangane.

Du betalar ei treningsavgift uavhegig av kor mange idrettar du er med i.

Allidrett Utøvarar f.2014 – 2011 skal betale kr. 350,- pr. år
Allidrett Utøvarar f.2010 – 2007 skal betale kr. 450,- pr. år
Utøvarar f.2006 skal betala kr. 900,- pr år.
Utøvarar f.2005 – 2003 kr. 1.400,- pr. år til konto
Utøvarar f.2002 – 2000 kr. 1.700,- pr. år til konto
NB !! INGEM MÅ BETALE INN AVGIFT DIREKTE TIL KONTO. DE VERT FAKTURERT FRÅ IL JOTUN. HELD PÅ MED DEN JOBBEN NO.

Søskenmoderasjon: 25% reduksjon for søsken nr. 2. 50% reduksjon for søsken nr. 3 og evt. 4 og 5). Det er ingen søskenmoderasjon på innbetalingane til allidretten.

Moderasjon vert på lågaste avgift.

Inntekta som treningsavgifta gir, blir delt mellom gruppene i IL Jotun og skal vere eit bidrag til å dekke gruppene sine utgifter til anleggsleige, dommarutgifter og påmeldingsavgift/kontingentar.