I forkant av kommunestyremøtet 20. desember var prisane for Årets Årdøl og Kulturprisen utdelt, og IL Jotun er svært stolte av at Ruth Laberg er utnemnd til «Årets Årdøl» i 2018 for innsatsen ho legg ned for idrettslaget.
I begrunninga frå Årdal kommune kan ein lesa følgjande:
«Årets årdøl er ei dame som gjennom mange år har hatt mange verv i IL Jotun. Ho seier aldri nei til ei oppgåve, og har gjennom åra teke på seg mange verv i IL Jotun. Dette har ført til at ho er æresmedlem, og seinast i fjor fekk ho eldsjelprisen for innsatsen. Ho har vore trenar i meir enn 20 år og har no gruppestyreverv i symjegruppa og turngruppa. Ho sit i arbeidsutvalet i IL Jotun, og har teke på seg verv i fotballgruppa. I tillegg stiller ho opp på andre aktivitetar som måtte dukke opp i idrettslaget. Ruth Laberg får Årets Årdøl 2018.»
Ruth Laberg er ein svært engasjert resurssperson i idrettslaget vårt som absolutt fortener ei slik merksemd. Ho har lagt ned uttallige timar i ulike styrer og som trenar for idrettslaget og dermed for alle aktive i Årdal.
Ruth står på for at alle skal finne noko dei trivast med og meistrar innan idretten. Ruth er med andre ord ein viktig bidragsytar til den gode og allsidige aktiviteten i laget vårt.
Gratulerer med utmerkinga Ruth, me er heldige som har deg på laget!