I dag ( 09.08.16) frå kl 18.00 vil eg sitja i klubbhuset dersom nokon treng hjelp med Min Idrett eller søknad om politiattest. Minner om at ALLE trenarar, oppmenn (kvinner) og anna støtteapparat i Jotun er pliktige å visa fram gyldig politiattest. Skal ikkje vera eldre enn 5 år. Dersom nokon har motteke politiattest seinaste dagane er det fint om de kan koma og visa den fram, slik at me får registrert den i systemet vårt.
mvh Ruth Laberg