Dei siste 4 vekene har symjegruppa i IL Jotun hatt vasstilvenning og symjeopplæring med mottaket i Vang i regi av UDI. På det meste har det kome 70 personar med buss og privatbilar frå Vang. I tillegg har dei hatt med personar som jobbar ved mottaket. Me i symjegruppa er alle enige om at dette har vore ei oppleving me ikkje ville vore forutan. For ein flott gjeng med ungar, menn og kvinner. Alle med ulik bakgrunn og ei historie og fortelje. Og for ein innsats dei synte. Mange av dei klarde å halde seg flytande men vart svært ivrige etter å læra teknikk. Me delte gruppa inn så godt det let seg gjera. Ungane, for ein flott gjeng. Dei tykte det var veldig stas at ungdomane våre i symjegruppa vart med. Så snart dei fekk auge på dei flinke symjarane våre, hang dei seg rundt halsen deira og ville gjerne ha masse merksemd. Gode erfaringar for våre symjarar å bli med på. Det var ikkje alle som var med på badinga. Nokon brukte tida å sjå seg rundt i bygda og å gå på butikkar i sentrum. Spesielt var det få damer som nytta seg av symjetilbudet. Det var mest menn og born som var med. Simon Lidal hadde nok mest å gjera da han hadde ansvaret for alle menn som var med. PÅ det meste var det 15-20 på hans gruppe. Men dette fiksa han strålande. Når det gjaldt damer var dei på det meste tre som var med. Kulturen seier noko om at damene ikkje skal gå utildekka. Likevel hadde me ei dame som var med kvar einaste gang. Underteikna var så heldig å ha ansvaret for henne kvar veke. Og for ei dame ! Eg må nesten få lov å fortelje litt:
Fyrste veka denne dama var i bassenget held ho seg på det grunne og våga så vidt å bøye seg sopass ned at vatnet dekka munnen hennar. Me starta med å halde oss i bassengkanten og terpe litt på beinspark og å flyte i vatnet. Ho klarde å halde seg flytande frå før. Men det var likevel trygt med ei lita hand under mangen hennar heile tida slik at ho kjende at eg var der. Etterkvart slepte ho kanten og prøvde å ta symjetak sjølv. Dette gjekk veldig fint. Ho held seg godt flytande. Fyrste time enda utruleg nok med at ho klarde å øve inn teknikk med å puste ut under vatn og puste inn over når ho svømte med brystteknikk. Fantastisk !!
2.veke . Masse fokus på å tore å vera under vatn. Denne timen enda med at ho dukka etter gjenstandar på botnen i den grunne delen av store bassenget!
3. veke . Beherska god brystsymjing. Øvde mykje å halde seg flytande på rygg. Ho tykte dette var litt vanskelegare, men beherska dette også etterkvart. Tru det eller ei, men denne timen enda faktisk med at ho prøvde å stupa frå kanten. Eg har rett og slett ikkje ord over kor tøff denne dama er.
Veke 4. No er det egentleg berre trening som skal til for Elen. Ho hadde ei «frykt» att, og det var å vera ute på djupet i bassenget. Ho spente seg veldig når ho viste at ho ikkje kunne setja føtene under seg. Men, ho ville ! Me sumde attmed kvarandre og til slutt klarte ho å slappe av og hadde fleire symjeturar ute på djupet. Innimellom opplæringa fekk eg høyre sterke historiar. Elene er gift med ein fantastisk mann som passa på sonen deira på halvanna år medan Elene skulle få symjeopplæring. Tilsaman har dei sete 7 år på mottak. Begge snakka flytande norsk, ein flott familie som eg håpar kan få ein sjanse i Noreg.
Elene var svært takksam. No kunne ho symje saman med sonen sin i bassenget i Vang når det opna att til hausten.
Magne av borna var siste dagen med på å ta symjemerke. Det vart utdeling i klubbhuset saman med vaffel og svelekos etter økta. Primusmotor Ingeborg Hjelle og medhjelpar Frida stod for utdelinga. Det var stor stas 🙂
Symjegruppa vil takke alle foreldre og symjarar som stilte opp slik at me klarde å gjennomføre dette. Irene Ruud for at ho alltid stiller opp som frivillig når me treng hjep og ei spesiell takk til Henrik Rønningen som søkte UDI om midlar til å gjennomføre tiltaket. Dei har kjøpt inn leiker og utstyr som vart nytta og kan nyttast ved seinare høve. Takk til Årdal kommune for velvilje!
Alt i alt ei oppleving symjegruppa er svært takksame for og som me ikkje vil gløyma.