Denne helga var det 3.runde Enivestserie i Nordfjordeid. Heile sju spelarar frå Jotun G13 var plukka ut til å delta. Enivestserien er 2.trinn i spelarutviklingsmodellen i krets og ein del av Landslagsskulen. Serien består av sonelag ( 13 åringar) frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, der spelarar er nominerte og utteken av kretsansvarleg på grunnlag av prestasjonar på Enivest Fotballskular. Me gratulerar gutane med deltakinga.