Me er inne i årets siste dagar. Og det er ei gleda å kunne gje ei lita oppsummering frå IL Jotun. Dette året har me feira 95 år med stolt historie og me startar nedteljinga mot 100 år.
Aktivitet i gruppene:
Talet på ungar har gått ned i bygda. Men det betyr ikkje at me må kutte på tilbudet. Jotun har i år som i fjor hatt god drift i 9 særgrupper. Det er svært viktig for IL Jotun å ha eit breitt tilbud. Da kan me håpa på at alle som ynskjer kan vera med på ein aktivitet som ein trivst med. Fleire av oss er involverte i fleire grupper. Da er det fint å kunne observere kor ulike ungar er anten dei er med i den eine gruppa eller den andre. Ekstra kjekt er det å sjå at ungar som slit og balar med teknikkar i ei gruppe, meistrer heilt på topp i ei anna gruppe. Det betyr at Jotun gjer rett i å oppretthalde breitt aktivitetsnivå slik at kvar enkelt kan føla meistring i ei av gruppene våre. Sportsleg har Jotun hatt svært gode resultat i mange grupper. Aktiviteten i kvar gruppe vert omtala i årsmeldingane som snart er under arbeid.
Medlemar:
Medlemstalet i Jotun har vore aukande. Det er viktige kroner for drifta i laget. Treningsavgifta er også svært viktig. IL Jotun har ei felles treningsavgift for heile laget. Det betyr at ved å betale ei avgift kan ein vera med i alle særgruppene opp til 16 år. Det er viktig for oss å halde denne på eit nivå som gjer at flest muleg kan bli med. I 2017 har driftskostnad pr aktiv utøvar vore kr 12.200,- Den høgaste treningsavgifta ein utøvar betaler i Jotun er kr 1800,00. Då seier det seg sjølv at utan gode inntekter frå hovedsponsorar, andre sponsorar, basarar, kiosksalg og andre store dugnader, hadde det vore umuleg å drifte laget med det nivået me har på treningsavgift og medlemskontingent.
Positivitet i bygda:
Det er mykje positivt i bygda no. Lat oss håpa at industrien skal blomstra og det gode samarbeidet dei har starta gjennom Sitep As, skal få nysjerrige ungdomar til å søkja seg til bygda vår. At det bidreg til å trygge den vidaregåande skulen vår, det lokale næringslivet, lag og organisasjonar. Me har det meste her i bygda .Flotte butikkar, idrettslag, veksande reiselivssatsing, turlag, fjellsportgruppe, rideklubb…ja, me kunne ha ramsa opp i det uendelege. Og er det noko ein saknar, ja da trur me at me at me får til det og.
Til slutt ynskjer me å få takka:
Hovedsponsorane våre, Årdal Energi, Årdalsnett og Indre Sogn Sparebank for deira viktige støtte.
Årdal kommune for godt samarbeid !
Alle andre bedrifter som gir både økonomiske gåver og gåver til basarar og andre aktivitetar me ber om. Tusen takk !
Det er difor ei klar oppfordring frå IL Jotun: Det er næringslivet i bygda som støttar oss. Støtt dei tilbake, me treng dei og dei treng oss.
EIT RETTELEG GODT NYTTÅR TIL ALLE !
Med helsing Arbeidsutvalet i IL Jotun