Onsdag kveld vart klubbhuset fylt opp med folk i alle aldrar for å høyre på Jon Navarsete sitt kåseri om IL Jotun. Han starta kvelden med å fortelje om den gangen (2003) han var med Fjøra fotball inn og ville sjå kampen deira på Jotun stadion. Etter kampen ville han opp på «Stova» og sjå TV sende kampen til Rosenborg. Det var smekkfult med folk på Stova ( slik vi var vande til) og idet han trer inn i lokalet er det ein av ein gjeng på 10-15 personar i lokalet som reiser seg, ser på Jon og seier: «Hei du din forbanna Sogndøl» Da skjønte eg seier Jon, at her var eg velkommen. Noko å drikka vart kjøpt og TV kamp i lag med Årdalsgjengen vart det 🙂
Tilhøyrarane i klubbhuset lo god og utan at det vart nemnt namn, viste dei fleste kven som var omtala her.
Jon har gjennom åra skrive mange Retroinnlegg i Sogn Avis. Svært mange av dei omhandlar Jotun. Dette har sjølvsagt me i Jotun snakka mykje om på møta våre. Spesielt no da me er begynt å planlegge 100 års bok.
Sekretær i Jotun vart kontakta av Jon alt i 2018. Da hadde han ønske om å skrive retroinnlegg om turngruppa til Jotun. Dette vart gjort og sidan den gang har me hatt løpande kontakt. Og den kunnskapen og interressa Jon har hatt rundt IL Jotun historisk og i dag måtte berre fram i lyset. Sidan me no planlegg 100 års bok meinte me at startskotet for arbeidet med boken kunne vera å samle ein gjeng i klubbhuset der Jon stilte med sin «fagkunnskap».
Og det er rett og slett imponerande det han kan og veit. Etter kvart drog han opp det eine bildet etter det andre samt ein haug med resultatlister. Han var innom heile idrettslaget og det vekte mange minner hjå tilhøyrarane i salen.
Og at interressa hans for Jotun starta tidleg hadde han synleg bevis på. På skjermen viste han utklipp av fotballtabell der han som 13-14 åring nøye hadde ført opp alle resultata til Jotun gjennom sesongen. Det starta med tap 0-5 fyrste kamp, men deretter kom sigrane på løpande band utover i sesongen. Det var stort å koma inn til Årdal og Jotun fortel han. Bygda hadde så mykje meir å by på enn dei andre nærliggande bygdene på den tida. Idrettsanlegga med utebasseng og baner låg langt føre det dei hadde heime.
I salen var det mange gode sparringpartnerar og som hadde vore deltakarar på ulike arrangement som Jon etter kvart snakka om.
Jotun huset vart fylt denne kvelden. Det var ei stund me var «redde» for om me måtte på gardane etter meir stolar. Arbeidet vidare med jubileumsbok vil vera at gruppeleiarar vil få ansvar for å samle «sine» historiske og eksisterande utøvarar og støtteapparat, der me kan samlast og få fram dei viktige og gode historiane gjennom den fantastiske Jotunsoga sidan starten og fram til i dag.
Me ynskjer å retta ei stor takk til Jon Navarsete som tok turen til Årdal og bidrog til ein veldig kjekk kveld. TUSEN TAKK JON!
Me håpar at du frameleis står til disposisjon i den viktige tida som kjem fram mot det ferdige bokproduktet.
Under litt fleire bilder frå kvelden:
Mona Nytun og Anne Steinheim diska opp med kake og gjærbakst.
Litt mat måtte me også ha.
Ingen sak med slik AU medlemar i Jotun. Her vaskar Mads oppatt etter å fått på plass att alle bord og stolar 🙂
Vel blåst alle saman!