Full aktivitet på Jotun stadion i kveld. På grasbana møtte gutelaget det leiande laget i serien, Balestrand. Det vart ein spennande kamp etter god jobbing av Jotun gutane som drog i land ein 4-3 siger. Flott !!
På kunstgraset møtte Jotun jentene -Lærdal/ Aurland. Denne kampen enda 0-0.
Men…kamp hadde det ikkje vorte hadde det ikkje vore for dommarane våre. Me er veldig stolte i Jotun for at me stiller dommartrioar i dei aller fleste 11ar og 9ar kampane våre.. Utgiftene for klubben vert litt høgare, men dette er vel verd pengane. Me ynskjer at ungdomane kan få trena og få god erfaring og kanskje dristar dei seg til å dømma på høgare nivå utanfor bygda.
Ikkje alle held fram med fotballen etter aldersbestemt, det er difor svært gledeleg at dei likevel kan halde seg i miljøen og bli ressurrsar for klubben ved å ta dommarutdanning og bidra tilbake til klubben ved å dømma kampar.
Veldig bra jobba gutar !
I dag var desse dommarane i aksjon:
Gutekamp: Hoveddommar, Sverre Myklevold, på linjene Eirik T. Øren og Åsmund Nesse
Jentekamp: Hoveddommar, Abbas og på linjene Tobias Røneid og Stian Laberg.