Fredag signerte IL Jotun og sparebanken Sogn og Fjordane ein treårig sponsoravtale.
Sparebanken Sogn og Fjordane vil verte ny hovedsponsor for Jotun saman med Årdal Energi og Årdalsnett.
Me ser fram til å samarbeide med Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei har eit godt og flott engasjement mot idretten og da spesielt barn og unge.
Me deler dei same verdiane og set stor pris på å ha dei med på laget.
Sparebanken Sogn og Fjordane har dei siste åra gitt store beløp i støtte til tribuna på Jotun stadion, dagsturhytta på Moakamben og no sist vart det gitt støtte til rehabiliteringen av kunstgrasbana.
Dei er og inne som hovedsponsor for Konglerike turneringane som dei fleste kjenner fra fotballen.
Arbeidet med omprofiliering av klede og materiell er i full gang, Me ynskjer at vår nye hovedsponsor vert profilert godt i alle samanhenger der IL Jotun har aktivitet.
Me ser fram til eit godt samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane i tida som kjem.