G16-landslagstrener Gunnar Halle, G15-landslagstrener Jan Peder Jalland og fagansvarlig for landslagsskulen i NFF, Håkon Grøttland, har no teke ut spelarar til Equinor Talentleir i Porsgrunn i perioden 24. – 28. juni.
På G16 og G15 er det teke ut eit landslag og eit skyggelandslag, mens det på G14-nivå er teke ut to sidestilte troppar.
Leander Øy er teken ut på G16 skyggelandslaget medan Lidvin Berge Hestetun er teken ut på G14-nivå.
Sivert (17år) utteken på G18-nivå.
Sivert Heggheim Mannsverk er ein av berre to 17-åringar som får prøve seg på G18-nivå. Dei er i desse dagar i Portugal der dei skal spele kampar mot Portugal og Japan.
Me ønskjer dei alle lykke til!!!