Fleire av oss som har teke del i idrettslaget som tilitsvalde eller trenarar over lang tid, har fått den gleda det er å fylgja med ungdomen frå dei startar til dei sluttar i laget. Difor er det ekstra kjekt å sjå kva medlemane våre tek seg til når dei dreg ut frå bygda for å studere. I dette tilfelle er me heldige å fått eit lite innblikk i kvardagen til veninnene Ingrid Øvstetun og Anna Eldegard.
Anna Eldegard og Ingrid Øvstetun har spelt fotball i lag for Jotun heilt frå dei var 7 år gamle og like til sist sesong på damelaget.
No studerar begge i England, Anna i Leeds og Ingrid i Liverpool. Fotballen held dei fram med og onsdag sto dei på kvar sin banedel når Liverpool tok imot Leeds. Universiteta har 3 lag på ulike divisjonsnivå, og etter prøvespel/kvalifisering har begge teke plass på kvar sitt 1. lag. Begge spelar på midtbana og oppedaga onsdag at dei og har fått same trøyenummer. Kampen enda 2-3 til Leeds. Liverpool er nyopprykka i divisjonen og har starta sesongen med knipne tap mot Sheffield og Leeds, medan gjestene frå Yorkshire har bokført 2 sigrar, den fyste i Newcastle (2-0). Jentene trivst godt både med studiar og fotballen, som gjev gode vilkår for det sosiale, og me ynskjer Anna og Ingrid lukke til vidare med både studiar og fotball.