Eirik og Sivert kjem på stadion.
28. oktober 2019
Einar Sæbø til minne
11. november 2019
Vis alt

Draumetrenaren – det neste steget 2019.

Kvart år arranger Sogn og Fjordane fotballkrets » Drømmetreneren»  Her er det høve for trenarar i dei ulike klubbane og søke om å vera med.
Jotun fotball lyste ut til sine trenarar og oppmoda dei til søknad. I år var det kun Stig Laberg Øvstetun av Jotun trenarane som søkte. Stig var heldig å kome med uttaket som kretsen gjorde. Han var svært nøgd med helga. Stig er til dagleg trenar for jenter 2007 og medtrenar for gutar 2011.
Her er kva kretsen sjølv skriv om opplegget:

Mål med prosjektet:
Målet med prosjektet er å utvikle og inspirere trenarar til å ta det neste steget som trenar. Trenarar som kan være med å prege fotballen i Sogn og Fjordane i åra som kjem, inn mot spelarutvikling og trenarutvikling i klubb- og krets. Trenarane må ha som mål å vidareutdanne seg inn mot UEFA B-lisens, Spelarutvikling B, NFF Trenarveiledaren, og evt. også på sikt UEFA A-lisens.

Som deltakar i «det neste steget» vil du og vere med i konkurransen om eit trenarstipend som skal gå til å dekke delar av utgifter knytt til vidare utdanning (T.d. UEFA B-lisens, Spelarutvikling B, NFF Trenarveiledaren, UEFA A-lisens).

Prosjektinnhald:
Fagtema som er høgaktuelle inn mot trenarrolla og spelarutvikling.
* Landslagsskulen
* Observasjon av praksisøkt
* Gruppearbeid og videoanalyse
* Individuell oppfølging i forhold til retning som trenar
* Utviklingsmål
* Utdeling av trenarstipend 2020.

Vi ønskjer deltakarane lykke til på tiltaket!