Damelaget til Jotun/ÅTIL starta haustsesongen på best mogleg måte då dei møtte Balestrand borte fredag kveld. 4-0 til Jotun/ÅTIL var sluttresultatet, til pause stod det 2-0.
Balestrand skapte mest dei fyrste minuttane av kampen, men forsvaret til Jotun/ÅTIL stod i mot presset og heldt buret reint. Utover omgangen fekk Jotun/ÅTIL i gang finspelet, og det var fortent då laget gjekk opp i leiinga etter 20 minuttar. Olaug Marie Aalen fann Susanne Myrland med eit flott gjennomspel. Susanne gjorde alt rett, og sette inn sitt 8. mål for sesongen med eit flott skot til side for den gode målvakta i Balestrand.
Etter 37 minuttar dobla Jenny Hovland leiinga. Nok ein gong var det Olaug Marie Aalen som var arkitekt, og Jenny Hovland var sikker som banken åleine med målvakta.
2. omgangen vart som den fyrste. Mykje tøffe duellar, men god kontroll bakover gjorde at det sjeldan var skikkeleg fare for sigeren. Spelemessig var 2. omgangen hakket betre enn den fyrste, men det var på hjørnespark måla kom.
Fyrst sette Olaug Marie Aalen eit godt hjørnespark kontant i nettet til 3-0, deretter var det Jenny Hovland som avslutta utan sjanse for målvakta til Balestrand.
Mot Balestrand var det 3 jentespelarar som hospiterte, og alle gjorde sine saker svært bra. Neste kamp for Jotun/ÅTIL er borte mot Hafslo neste fredag.
Kampfakta:
0-1 20 min. Susanne Myrland (Assist: Olaug Marie Aalen)
0-2 37 min. Jenny Hovland (Assist: Olaug Marie Aalen)
0-3 56 min. Olaug Marie Aalen (Assist: Susanne Myrland)
0-4 87 min. Jenny Hovland (Assist: Susanne Myrland)
Lagoppstilling:
Line Røneid Hagen, Marie Vinsand Wigum, Sunniva Øvstetun, Vanja Thomassen Øren, Olaug Marie Aalen, Marte Hestetun, Jenny Hovland, Birgitte Dokken, Susanne Myrland