Jotunjentene Sara Brandsdal, Kjersti Hestetun og Anna Thomassen Øren har i dag delteke på soneturnering for J13 på Kaupanger. I turneringa er det Sogn, Sunnfjord og Nordfjord som møtest, og nok ein gong var det Sogn sine jenter som kom best ut av det.
Mot Sunnfjord vann Sognejentene 4-2, eit av måla vart skåra av Sara Brandsdal. I kampen mot Nordfjord vart resultatet og 4-2.
Jotun-fotball.no gratulerer jentene med super innsats, me ser fram til fleire representasjonsoppdrag i tida som kjem!
Gutane har og turnering, men då Jotun har dobbel bortekamp denne helga så gjekk turneringa utan representantar frå dei raude og grøne.