Tradisjonen tru har Veterancupen gjeve noko av overskotet tilbake til aldersfastlagd fotball. Det er arrangørlaga som får gåva, og i år vart det heile 50000,- på deling mellom IL Jotun, Lærdal IL og Aurland IL.
Gåva vart høgtidleg utdelt i Lærdal, og representantar frå alle klubbane var til stades.
På vegne av IL Jotun fotball vil vi nytte høvet til å takke Veterancupen for gåva, denne skal nyttast i rekrutteringsarbeidet i aldersfastlagd fotball.
Du kan lese meir om dette på Porten.no.
Veterancupen kan du følje på http://www.veterancup.no
Foto: Jan Christian Jerving