Både Sara Brandsdal, Anna Thomassen Øren og Kjersti Hestetun var i aksjon under soneturneringa i Førde som vart avvikla i dag.
I den fyrste kampen gjekk det strålande for både Sogn og vår jenter. Nordfjord vart besigra heile 6-0, og 3 av måla var signert vår jenter. Sara skåra to av desse, medan Anna skåra eitt.
I siste kampen mot Sunnfjord måtte jentene sjå seg besigra 4-0.
Det vert meldt om mykje speletid for alle våre jenter.
Siste turneringa i SSF serien vert avvikla 29. november i Sognahallen, Sogndal.
Her er kampoppsettet:
Program lørdag 29. november i Sognahallen, Sogndal:
Kl 1000: Sogn jenter vs Sunnfjord jenter
Kl 1100: Sogn gutar vs Sunnfjord gutar
Kl 1200: Sunnfjord jenter vs Nordfjord jenter
Kl 1300: Sunnfjord gutar vs Nordfjord gutar
Kl 1400: Sogn jenter vs Nordfjord jenter
Kl 1500: Sogn gutar vs Nordfjord gutar