7. desember 2022

Kjempestemning på lokalt stemne !

Symjegruppa arrangerte lokalt stemne sist måndag 28. november. Over 30 påmeldte var med, og stemninga var god! Mange sette nye personlege rekordar, og nokre prøvde det for første gong. Innsatsen var enorm! Føresette heia frå tribuna, og kiosken blei heilt utselt! Til slutt var det stafettar, der også trenarar var […]
6. desember 2022

Trenarutdanning i symjegruppa 25-27.11.22

TRENARUTDANNING i SYMJEGRUPPA Sist helg var Symjegruppa så heldige å få den engasjerte instruktøren Christina Dyngeland Kjellid frå Bergen og Norges Svømmeforbund på besøk. Seks deltakarar fekk god vegleiing i elementære og viktige grunnprinsipp innan symjing, dykking, pusting og symjing på rygg og crawl. Kurset tar to dagar, med tre […]
5. desember 2022

Treningssamling i symjing

Symjegruppa arrangerte 19 november ei ung-samling for symjarar frå Sogn og Fjordane. Dette vart ei flott helg, der 35 symjarar frå dei fleste av klubbane i krinsen, frå Stryn til Aurland, var representerte. Det var fullt i bassenget! Symjegruppa leigde inn unge godt utdanna trenarar frå Eid og Førde, og […]
15. november 2022

Symjestemne på Eid 5 og 6 november.

Sist helg var symjegruppa til Eid på stemne, som alltid pleier å vere kjekt! Det var Sigurd, Astrid, Marlen og Helene som deltok. Sigurd hadde ei god helg pg persa på dei fleste øvingane. Astrid , Marlen og Helene deltok på rekruttstemne, og imponerte stort. På bildet er nesten heile […]
29. august 2022

Ingeborg Hjelle, utnemnt til eldsjel i Norges Svømmeforbund

Eldjsel : Denne helga 25-28 august har det vore leiar og trenarkonferanse i Norges Symjeforbund. Noko av høgdepunktet ved denne årlege konferansen er utnemninga av årets eldsjel i symjeforbundet. Ingeborg Hjelle var nominert av klubben sin for den fantastiske innsatsen ho gjer og har gjort. Les nomieringa her: Eldsjel Norges […]
10. juli 2022

God innsats av Jotun symjarar !

Symjegruppa avslutta årets sesong med å delta på junistemne i Førde. Dette var eit stort stemne, med 170 konkurrerande deltakarar frå heile Vestland, i tillegg til omlag 60 rekruttar. Frå Jotun deltok fire symjarar. Rekruttane Marlen Myrland Moen og Astrid Todal Fauske blei med på laurdagen. Dette var første gongen […]
14. mars 2022

Ungdomen i klubben tar utdanning !

Etter tre forsøk, fekk Symjegruppa endeleg arrangert begynnarinstruktørkurs i symjing i Årdal denne helga. Sjølv om me også denne gongen fekk fråfall p.g.a. korona, gjennomførte fire kjekke jenter kurset, Isabella frå Aurland og Andrea, Solfrid og Kaja frå Jotun. Instruktøren Christina Dyngeland Kjellid frå Norges Svømmeforbund, hadde tre teoretiske og […]
17. desember 2021

Symjestemne på Eid 26.-27.november

I dag mimrar me tilbake på «gode» tider. Me hadde fleire gode hendingar i den tida idretten var «open» att. Her er eit innlegg frå symjegruppa til Jotun: Symjegruppa deltok siste helga i november endeleg på stemne igjen! Denne gongen var det Eid som inviterte til 40- års jubileum. Det […]