Som sikkert mange har lagt merke til, så har det vore mykje gravearbeid rundt Jotun stadion den siste tida.
Anledningen er at området rundt Jotun stadion skal gjerast bil og mopedfritt, samt at ingen syklar lenger skal inn på sjølve anlegget.
Det er no etablert 32 nye parkeringsplassar på Jotunplassen, slik at det er no er omlag 70 parkeringsplassar rundt anlegget.
I tillegg er det etablert sykkelparkering ved bassenget, samt ei rekke inn mot Årdalshallen, til høgre for inngangen.
Det er viktig at alle respekterer skiltinga som no er på plass, og dei skilta som vil kome i tida som kjem slik at området vert trygt for ungane å ferdast i.