Etter ein solid 6-0 siger mot Kaupanger vart og gutelaget vinnar av 2. divisjon avdeling 1. Høyang tapte 3-0 mot Gaular, og det var nok til at Jotun smaug seg forbi i siste serierunden.
Laget spela og kamp i går, ein utsett kamp mot Syril. Der vann laget 4-2 i ein litt ruskete kamp.
Kampen i dag var betre, og sigeren var aldri i fare.
Måla for Jotun vart skåra av Thomas Andreassen, Endre Øren, Vegard Bukve (biletet) og Kristoffer Flæthe (3 mål).
Det er framleis att nokre få kampar, men avdelingssigeren er i boks.
Det betyr at laget denne sesongen har vorte kretsmeister 7ar og avdelingsvinnar 2. divisjon!
Jotun fotball gratulerer spelarar, trenarar og støttespelarar for ein flott sesong!