I år er det rekordtidleg oppstart på seriespelet, og alt 7. april skal fyrste laget i aksjon.
Det betyr at det må gjerast ein ryddejobb på kunstgrasbana, slik at me kan ynskje våre eigne lag og motstandarane velkomne til eit reint og rydding anlegg.
IL Jotun fotballgruppa kallar difor inn til dugnad på kunstgrasbana TORSDAG 3. APRIL 18:00.
Vi håpar at flest mogleg har høve til å møta, slik at dette vert ei fin stund med å gjere bana og området rundt klart til sesongen.
Ta med kost og spade om du har!
Det vert servering av kaffi og vafler til alle som deltek!