Det vart ein tøff debut i seriepremieren 5. divisjon borte mot Syril. Heimelaget var totalt sett best, men Jotun var ikkje ufarlege på sine visittar i Syril sin målgård.
Trenar John Valsvik var nøgd etter å teke med seg eit poeng heim frå Leikanger.
– Me reiste til kampen med mål om ikkje å tapa. Syril var gode, men me kunne rana med oss eit poeng like før slutt etter at Ruben Aspeseter kom seg til linja og la flott ut i feltet. Diverre gjekk ikkje skotet i mål.
Me kjem tilbake med meir frå kampen når karadn e heimkomne 🙂