Jotun/ÅTIL stiller i år med eit damelag i 4. divisjon. Dette er eit 7ar lag som spelar i avdeling 1 saman med Balestrand, Lærdal, Hafslo og Sogndal 2.
Hittil har laget spela 5 kampar som har enda med 2 sigrar og 3 knappe eitmålstap.
Målet med damelaget er å gje eit tilbod til spelarar som går ut frå ungdomsfotballen og som framleis ynskjer å ha eit tilbud med ballen i beina. I tillegg håpar trenar Morten Skarsbø at fleire damer vil vera med, slik at ein kan etablere ein stabil stamme i laget rundt ungjentene.
Denne veka har laget hatt 2 heimekampar. Måndag var det Lærdal som var motstandar, ein kamp der heimelaget dominerte frå start. Jotun/ÅTIL vann til slutt 6-3 etter skåringar frå Susanne Myrland (3), Jenny Hovland (2) og Maren Karlsen.
Onsdag var det Hafslo som var motstandar, ein kamp der heimelaget tidleg kom under 0-2. Laget henta seg inn igjen, og til pause stod det 2-2. 2. omgangen var like jamn og 5 minuttar før slutt var stillinga 4-4. Like før slutt fekk Hafslo eit noko heldig mål, og kunne reise heim med alle poenga. Målskårarar for Jotun/ÅTIL var Anna Kvamsdal, Maren Karlsen, Birgitte Dokken og Susanne Myrland.
Det unge Jotun/ÅTIL laget har hatt stor spelemessig framgang, og har og moglegheit til å hente opp spelarar frå det lovande J15/16 laget som ÅTIL og Jotun har saman.
Som dei fleste lag som består av spelarar i alderen 17-20 år så er det vanlegvis litt fråfall til haustsesongen då nokon skal på skule/militæret. Trenar Skarsbø håpar difor at fleire jenter/damer kan ta turen på trening om dei har lyst til å spele fotball. – Me trenar 2 gonger i veka, slik at dette er overkommeleg for dei fleste. Tysdagar er treningane på Cuba kl. 19:30, og torsdagane i Øvre Årdal kl. 17:30. Alle er hjarteleg velkomne avsluttar Skarsbø.
Denne vekar er det i tillegg trening søndag 1. juni 20:00 på kunstgraset i Øvre.
Neste kamp for damelaget er torsdag 5. juni, borte mot Sogndal 2 på Fosshaugane Campus!