Alle laga frå Årdal er no ute av sluttspelet i Gothia Cup. Einaste som no er igjen er Sivert Mannsverk, som spelar på Florø sitt 7ar lag. Desse spelar i morgon semifinale 10:00 mot eit lag frå Sør Korea.
Gutelaget rauk ut i går ettermiddag då dei tapte heile 3-7 mot Bjarg IL i B-sluttspelet.
Småjentelaget spela fyrste sluttspelskamp i føremiddag. Dei dominerte frå start og vann 2-0 mot Umedalens IF. I 16. delsfinalen vart Mjølby IF litt for sterke, og laget tapte kampen 2-1.
Årdal FK sitt lag vann sin fyrste sluttspelskamp 2-0 i føremiddag, men vart utslegne i møtet med Vard Haugesund. Også der vart resultatet 2-0.
Dei som vil følje med på Sivert og Florø kan nytte denne linken: