I Gothia Cup har Sivert Heggheim Mannsverk spela for Florø SK. Laget kom seg til finalen, der var IFK Stocksund motstandar. Resultatet var 3-3 etter ordinær tid, og i straffekonkurransen trekte det svenske laget det lengste strået. Sivert skåra eit av måla til Florø, eit velplassert frispark oppe i krysset.
Etter at sølv- og gullmedaljane var delt ut skulle finalens beste spelar kårast, og det var ikkje nokon stor overrasking at dette vart Sivert. Han var høgt og lågt både i semifinalen og finalen, og var involvert i det meste Florø hadde å by på.
IL Jotun gratulerer Sivert med utmerkinga, den var vel fortent!