Jotun sitt 13 årslag er ute av Dana Cup etter tap mot tyske Düren Niderau FC 1908 med 0-3. Spelemessig var kampen jamn, men det tyske laget var meir effektive enn Jotun og kunne difor sikra seg ein plass i semifinalen. Jotun hadde mellom anna 2 skot i tverrliggaren i denne kampen.
Tidlegare på dagen (1/16 finalen) vart Gullhaug frå Norge slegne med klare 4-0.
No vert det late dagar på spelarane, før dei set turen heimover. Nokon skal og vera med i Norway Cup i neste veke, det vert spanande å følje laget i G14-7ar gjennom turneringen.