Begge laga i A-sluttspelet rauk ut i kveld. Fyrst tapte J15/16 0-3 mot Spjelkavik, deretter vart det 1-2 for Dale for G14.
I B-sluttspelet gjekk det mykje betre for G15/16. Dei spela fyrste kampen 08:00 i dag tidleg. Motstandar var Minde frå Bergen. Etter hattrick av Anders Lereng drog laget i land ein trygg 3-1 siger.
Neste motstandar var Djerv 1919, her vart det ein svært jamn kamp. Anders Lereng var nok ein gong frampå og skåra, men Djerv 1919 utlikna dette og sluttresultatet vart 1-1. 2×5 minuttar Golden Goal enda med eit straffespark til ÅTIL/Jotun. Dette sette Marius Loftheim sikkert i mål, og nytt avansement var sikra. Neste motstandar er då Raufoss 2, 08:00 i morgon tidleg på Ekeberg bane 2.
Jentelaget møtte Spjelkavik på ei forferdeleg bane på Valle Hovin. Eitter ein jamn start på kampen tok Spjelkavik litt over, men utan å skape dei store sjansane. Like før pause måtte Emma Jevnaker i elden, men den unge målvakten redda fint. Pauseresultatet var 0-0.
Like etter pause sette Spjelkavik inn sitt fyrste mål, eit knallskot like over hovudet på Emma i målet. No måtte ÅTIL/Jotun framover på bana, og det resulterte diverre ikkje i skåringar. Spjelkavik utnytta dette, og kunne gå av bana med ein sikker siger. Kampen var jamnare enn resultatet skulle tilseie, men det mest skuffande var nok baneforholda.
G14 laget har og vore i elden, Dale var motstandar i 1/16 finalen. Etter fulltid var det Dale som kunne juble etter å ha vunne 2-1, ein siger som langt frå spegla spel og sjansar. Jotun sløsa diverre med sjansane i denne kampen, og burde ha vunne dette oppgjeret med greie siffer. Målet til Jotun vart skåra av Simen H. Mannsverk.