Sogn og Fjordane fotballkrets kunngjorde i dag bruttotroppen til kretslag jenter 2000. I denne troppen er det 2 spelarar frå Jotun som er uttekne, det er Ingrid Øvstetun og Anna Elise Nese.
Jentene skal i fyrste omgang delta på 3 treningssamlingar:
Onsdag 15. oktober på Kaupanger.
Tirsdag 28. oktober på Skei kunstgrasbane.
Tirsdag 4. november på Sandane kunstgrasbane.
Hovudtrenar for laget er Leif Arne Tveit.
IL Jotun gratulerer so mykje med uttaket, og ynskjer jentene lukke til på treningane i haust!