Balestrand var motstandar i den siste seriekampen for sesongen, og nok ein gong vart det siger til det unge Jotun/ÅTIL laget. Denne sigeren sikra og 2. plassen i 4. divisjon bak Sogndal 2.
Heimelaget hadde god kontroll gjennom heile kampen, og kunne til slutt gå av bana med ein 6-3 siger.
Målskårarar for Jotun/ÅTIL var Susanne Myrland, Jenny Hovland og Sigrid Rio, alle med 2 mål kvar.
Jotun/ÅTIL-Balestrand 6-3 (3-1)
1-0, 12 min. Jenny Hovland
2-0, 13 min. Susanne Myrland
2-1, 15 min. Mariann Nese
3-1, 32 min. Sigrid Rio
4-1, 61 min. Jenny Hovland
4-2, 65 min. Katrin F. Weum
5-2, 67 min. Sigrid Rio
5-3, 81 min. Katrin F. Weum
6-3, 83 min. Susanne Myrland
Lag Jotun/ÅTIL:
Line Røneid Hagen, Marie Vinsand Wigum, Susanne Myrland, Sunniva Øvstetun, Vanja Thomassen Øren, Jenny Hovland, Birgitte Fossheim Dokken, Sigrid Rio, Olaug Marie Aalen, Marte Hestetun