Med uavgjort eller siger mot Lærdal i kveld ville G13/14 vere avdelingsvinnarar, og med det få moglegheiten til å spele om KM-tittelen seinare i haust.
Jotun tok initiativ frå start, og alt etter 6 minuttar hadde Adrian Kvamsdal putta 2 gonger bak målvakta til Lærdal. Mot slutten av omgangen la Simen Mannsverk på til 3-0, noko som skulle vise seg å bli sluttresultatet.
Det betyr at laget er vinnarar av G13/14 7ar avdeling 1, og skal spele mot vinnarane i avdeling 2 og 3 siste veka i oktober.
Jotun-fotball.no gratulerer laget med innsatsen so langt, og ser fram til sluttspelet og kampen og KM-pokalen!