ÅTIL/Jotun sitt jentelag avslutta sesongen i går med ein sterk 10-0 siger mot Jølster. Om ikkje noko spesielt skjer i siste kamp mellom Høyang og Sogndal, so tek jentene ein stert 2. plass i avdelingen.
Du kan lesa meir om denne kampen på Porten.no.
Balestrand er suverene vinnarar, men med 30 poeng og 98-42 i målskilnad so kan jenten vere stolte av innsatsen i år.
Jentene har i haust trena saman med damelaget. Treningane har vore godt leia av trenarane Oddgeir Dvergedal, Lars Frode Aalen (J15/16) og Morten Skarsbø (damelaget) , og jentene har vist stor innsats og iver i treningsarbeidet.
Jotun-fotball.no gratulerer so mykje med innsatsen i årets sesong, både til spelarar og trenarar!