Fyrste dag av KM-kvalifiseringen er avslutta, og det vart ein flott dag for Jotun-laga! Heile 3 av 4 klassevinnarar på dag 1 var frå Jotun.
Jotun G13 var suverene i G13. Laget gjekk ubesigra gjennom kvalifiseringen, og i finalen vart Sogndal 2 sett på plass med heile 5-0.
Jotun G15 ville ikkje vera noko dårlegare, og med 6-0 i finalen mot ÅTIL og 18-0 totalt i kvalifiseringen var det aldri tvil om kor sigeren ville gå.
Jotun J15 var siste lag ut i finalespelet. Dei innleiande kampane enda med 3 sigrar og ein uavgjort. I finalen stod Bjørn 1 på andre sida, og våre jenter tok kommandoen frå start. 2 mål frå Sara Brandsdal sikra nok ein finalesiger, og som G15 gjekk jentene gjennom turneringen utan å sleppe inn mål!